På haust og vinter kan det mørkne fortare enn ein trur, og det kan vere glatt og blautt. Ha med deg lykt og opplada mobiltelefon på tur. Sei frå kvar du går og lagre gjerne nr. til resepsjonen 57 73 71 00. God tur!

Det er mange fine turar i området rundt Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, og du kan velje mellom lette, middels eller krevjande turar. Turane i nærområdet er godt merka med raude eller blå merkepinnar. Vi har prøvd å samle informasjon om turar i nærområdet på denne sida. Ein kan i tillegg gå inn på Ut.no for å orientere seg om turar i området vårt. Merk at sjølv om turane er graderte med vanskelighetsgrad vil dette opplevast ulikt frå person til person. Ein moderat tur kan opplevast som krevjande dersom ein ikkje er fjellvandt, så her må ein sjølv vurdere si fysiske evne.

For å få ein optimal tur er det viktig å vere godt førebudd. Studer kartet før du går, og ha med kart i sekken eller på mobil dersom du går i ukjent terreng. Gode sko og kle tilpassa veret er viktig. Dersom turen har bratt terreng kan det vere greitt å ha med stavar. Mat og drikke i sekken kan også vere lurt. Ver venleg å gje beskjed til kjøkkenet dagen før om du ynskjer niste til turen. Du vil då få utlevert matpapir og pose, slik at du kan smørje deg niste sjølv. Om ein ikkje kjem tilbake til lunsj/middag må ein gje beskjed til kjøkkenet på førehand.

På vinterstid må ein ha på refleksvest ved ferdsel langs vegen, og det kan vere lurt å ha med stavar og hodelykt. I vintersesongen er det mogleg å låne truger ved senteret. Dersom du ynskjer å låne, henvend deg i resepsjonen.

Treng du meir informasjon om turane i området her, viser vi til Turistforeninga sine sider www.ut.no eller appen deira. Dersom du ynskjer utskrift av kart, henvend deg til resepsjonen.

Ta kontakt med miljøarbeidar dersom du har spørsmål.

Oversiktskart

Universelt tilrettelagte turar

Turar der ein startar på senteret

Turar frå Flekke sentrum

Turar som krev bil