Haugland – Flekke

Lengde ein veg: 3 km

Gradering: Lett

Universelt tilrettelagt: Ja

Denne ruta består i hovudsak av asfaltert veg, og den er godt eigna for sykkelturar. Frå Hauglandssenteret går/syklar du vidare i retning Flekke. I Flekke er det fleire plassar der det er naturleg å ta seg ein pause om ein treng det. Ved Joker Flekke er det benkar, samt at det ligg eit grindbygg like i nærleiken med bord og benkar. Her er det fint å slappe av i fred og ro. Turen går så vidare tilbake til Hauglandssenteret, same veg som ein kom.