Rehabilitering for barn, ungdom og vaksne blant fjord og fjell
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Vi gjev tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta.

Tilboda våre
Siste nytt: Stortingspolitikar på besøk
Med bakgrunn som lege og med internasjonalt solidaritetsarbeid, fann Marius Dalin seg fort til rette då han nyleg besøkte Haugland. Stortingspolitikaren frå MDG tok utfordringane på strak arm – både i klatreveggen og politisk.
– Rehabilitering har generelt hatt for låg prioritet, sa han.

«Opphaldet på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter vart eit vendepunkt for meg.»
– Tidlegare pasient

Slik søker du
Praktisk informasjon

Rehabiliteringsopphalda har vore heilt avgjerande for meg
Ove har måtte tole meir motstand enn dei fleste. Gjennom rehabiliteringsopphald fekk han den tida og støtta han trong for å meistre kvardagen.
Badeland
Badeland er open kvar søndag kl. 11-16. Her er svømmebasseng, terapibasseng og badstover. Vassklia er dessverre stengt inntil vidare på grunn av vedlikehaldsbehov.
Billettar kjøpast i badebua når du kjem. Velkommen!
