For Alle AS

Det å kome seg ut på fjorden i ein kano eller kajakk, kan vere utfordrande for personar med funksjonsnedsettingar. Det er viktig for oss å kunne legge til rette for fysisk aktivitet for alle våre pasientar, og difor er vi alltid interessert i å vere med å finne løysingar som bidrar til dette.

I samarbeid med Hellenes AS har vi fått utvikla ei sjøsettingsrampe som skal bidra til at fleire skal kunne kome seg ut på sjøen, og oppleve gleda med å padle kano eller kajakk. Dette har blitt eit viktig aktivitetshjelpemiddel på senteret, som bidrar til at pasientar med funksjonsnedsettingar får oppleve det å vere på fjorden.

Sjørampa har blitt vidareutvikla sidan den første vart bygd på Haugland, og det er gledeleg at det no er tatt initiativ til å kommersialisere sjøsettingsrampa, og gjere den tilgjengeleg for kommunar, idrettslag og andre som ynskjer å etablere eit tilbod lokalt. Dette vil bidra til å gjere sjøen meir tilgjengeleg for personar med funksjonsnedsettingar rundt om i landet.

Det er no etablert eit nytt selskap, «For Alle AS» som har som føremål å utvikle aktivitetshjelpemiddel, i første omgang knytt til aktivitetar på fjorden. Vi ser fram til eit tett og godt samarbeid for å bidra til at enda fleire skal gleda av å vere i aktivitet på sjø og vatn.