Unge vaksne

Er du mellom 18 og 30 år og har ei utfordring som hemmar deg i kvardagen? Er det vanskeleg å delta på skule, idrett, jobb eller sosiale aktivitetar?

På Haugland byggjer vi sjølvtillit og tryggheit. Vårt mål er å rigge deg til å tole utfordringar både psykisk og fysisk, slik at du er meir robust når du reiser herifrå.

Instruktør og ung jente ved klatrevegg. Foto: Jostein Vedvik
Foto: Jostein Vedvik

Vi har tilbod om tre vekers døgnopphald for unge vaksne mellom 18 og 30 år. Dei som er med på desse gruppeopphalda har ulike diagnosar. Nokre har ei medfødd funksjonsnedsetting eller skade frå ei ulykke, andre har vore gjennom alvorleg sjukdom eller kan slite med for eksempel angst eller utmatting. Kanskje er det vanskeleg for deg å konkretisere plagene. Uansett klarer vi å lage ein god rehabiliteringsplan for opphaldet. Når du reiser herifrå skal du òg ha ein god og tydeleg plan for kvardagen vidare.

Dette får du hos oss

Når du kjem til Haugland, blir du møtt av ein person som viser deg rommet ditt og gir deg informasjonen du treng. Etter kort tid blir du kjent med det tverrfaglege teamet som kartlegg behova dine og saman med deg stakar ut vegen vidare. Du vil bli sett opp til avtale med ulike fagpersonar etter behov. Dette kan vere til dømes fysioterapeut, sosionom eller klinisk ernæringsfysiolog.

Ein vanleg dag på Haugland ser slik ut:

Når du ikkje har organisert opplegg, er det mykje kjekt å vere med på både for deg som er glad i friluftsliv, sosiale spel og kreative hobbyprosjekt.

Kvifor velje oss?


Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ligg fantastisk fint til ved idylliske Flekkefjorden i Fjaler. Vi er ein del av spesialisthelsetenesta og har bygt opp solid tverrfagleg kompetanse over mange år. Når du kjem til oss, vil fagteam utarbeide ein god plan for opphaldet saman med deg. Det er også nyttig å vere ein del av ei gruppe der ein kan snakke med andre på same alder om felles utfordringar.

Innimellom er vi opptatt av at vi berre skal ha det kjekt. Hyggje og meistring er ein viktig del av det å vere på Haugland. Vi har eit variert tilbod av aktivitetar, men det er ikkje slik at alle er med på alt. Kva som er best for deg, vurderer vi når du er her. Kanskje blir kajakkpadling eller klatring din nye lidenskap – sjølv om det eigentleg var utanfor komfortsona?

Mange unge vaksne ser på rehabiliteringsopphald som ei moglegheit til å lære å få bukt med den utfordringa ein har fått. På Haugland har vi lang erfaring med å rettleie og tilpasse. Saman finn vi det tempoet og det «trappetrinnet» som passar best for deg og din situasjon.



Gruppeopphald

30 september

Vi tilbyr gruppeopphald for unge vaksne frå 18-30 år.

21 oktober

Vi tilbyr gruppeopphald for unge vaksne frå 18-30 år.

Praktisk informasjon

Til deg som har fått plass, er her eller har vore her.