Utdanningsstillingar
Turnuskandidat i fysioterapi
Senteret er godkjent som turnusplass for fysioterapikandidatar. Kvart år tek vi imot to fysioterapikandidatar som er her seks månader kvar. Dei kjem frå Høgskulen på Vestlandet. Rettleiar er kvalifisert fysioterapeut ved senteret.
Stipendiatar
Dei siste åra har vi hatt fleire stipendiatar tilsett ved eller knytt til Haugland Rehabiliteringssenter. Alle har i sine doktorgrader tatt utgangspunkt i pasientar som har vore til rehabiliteringsopphald ved senteret.
For nærmare beskriving av dei aktuelle prosjekta, sjå under “Forsking og utvikling”.