Forsking og utvikling

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter driv kunnskapsbasert, spesialisert rehabilitering.

For å sikre at tilbodet vårt er av høg kvalitet, jobbar vi aktivt med å utvikle kunnskapen om rehabilitering. Vi evaluerer kontinuerleg tilboda våre og vi driv med forskingsarbeid.

Styrke kunnskapen om rehabilitering

Senteret har sidan oppstarten lagt vekk på å utvikle kunnskapen om rehabilitering.

I 1998 gjennomførte vi det første strukturerte forskingsprosjektet i Noreg på rehabilitering av kvinner som har vore behandla for brystkreft.

Sidan har vi gjennomført eigne forskingsprosjekt, deltatt i ulike multisenterstudier og bidratt med data til relevante forskingsprosjekt.

Tarja Kvalheim er forskingsleiar ved senteret. Ho er utdanna sivilingeniør og har doktorgrad frå Universitet i Bergen innan medisinsk dataanalyse.

Vi driv kunnskapsbasert rehabilitering av høg kvalitet, og skal vere blant dei fremste i feltet.

Samarbeider om å styrke feltet

Senteret er med i fleire forskingsnettverk som bidreg med viktig forsking på rehabilitering.

Blant anna er forskingsleiar Tarja Kvalheim også leiar for FoU-nettverket Virke Rehab.

Nettverket kal vere ei drivkraft til å etablere og gjennomføre FoU-arbeid ved alle medlemsinstitusjonane i Virke Rehab.

Skal vurdere nytta for pasientane og forbetre samhandlinga

Senteret er i ferd med å etablere eit lokalt kvalitets- og forskingsregister. Dette er viktig for å kunne dokumentere kva nytte pasienten får av rehabiliteringa.

Med eit nytt elektronisk pasientadministrasjonssystem forventer vi å kunne styrke kunnskapen om forhold før, under og etter at pasienten er til behandling.

Slik kunnskap kan vi bruke til å betre kvaliteten på behandlinga pasienten får. I tillegg gir den viktig informasjon om kva effekt pasientane får på sikt.