Jon-Kristian (15) trena på å klare seg sjølv

Jon-Kristian og pappa Jan Helge deltok på opphald for barn og ungdom på Haugland. Der fekk tenåringen boltre seg i trygge rammer.

«Det beste var eg fekk litt fri frå han der», seier Jon-Kristian, og ser på far sin med glimt i auga. Jan Helge smiler tilbake.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har gruppetilbod for barn og ungdom som har vore gjennom alvorleg sjukdom og/eller har ei funksjonsnedsetting.

Trene på å bli meir sjølvstendig

Jon-Kristian har den sjeldne diagnosen Osteogenesis Imperfecta. Det er ein kronisk diagnose, som inneber at beina lett kan knekke. Familien deltek jamleg på slike opphald.

«Eit overordna mål for oss er at Jon-Kristian får trene på å vere sjølvstendig i kvardagen. På Haugland fekk foreldra og ungdommane velje om vi ville bu saman eller i separate hus med ein annan vaksen tilstades. Nokre valde å bu saman, mens det for oss var riktig å bu i ulike hus», fortel far Jan Helge.

Dei hadde høyrt om Hauglandssenteret frå ulike hald, og ba habiliteringstenesta ved Haukeland sjukehus om å bli tilvist.

Det var tre gøye veker. Eg likte at eg fekk oppfølging av fysioterapeut, at det var mange ulike typar aktivitet og lite repetisjon.

Senteret har avtale med Helse Vest om å levere spesialiserte rehabiliteringstenester, og er ein del av spesialisthelsetenesta.

Ein kan også bli tilvist av fastlege, legespesialist og andre. Les om korleis ein søker om plass her.

Tilpassa aktivitet og meistring

På Haugland møtte dei andre foreldre, ungdommar og barn med liknande utfordringar.

Det konkrete målet for Jon-Kristian denne gongen var å trene seg opp slik at han kunne stå igjen, etter ein periode med mange brot og lite aktivitet.

«Det var tre gøye veker. Eg likte at eg fekk oppfølging av fysioterapeut, at det var mange ulike typar aktivitet og lite repetisjon», fortel Jon-Kristian.

Han tok med seg øvingar til eigentrening heim. Og ei nyvekt interesse for bordtennis.

«På Haugland spelte vi bordtennis både organisert i gruppa og på fritida. Verdsmeister Tommy Urhaug var innom og det var gøy», fortel Jon-Kristian.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter samarbeider med paraidretten, som nokre gonger besøker senteret med aktivitetar som bordtennis og volleyball.

Jon-Kristian likte variasjonen i dagane på det tre veker lange opphaldet på Haugland. Foto: Jan Helge.

Familien sat også pris på badeanlegget. Det består av eit stort basseng og eit mindre tearpibasseng med høgare temperatur.

Aktivitet i basseng er ein del av det organiserte opplegget. På sundagar er bassenget ope for offentleg bading, og då kan også deltakarane bruke det.

Bruker hjelpemiddel for å vere aktive

Familien er aktiv og bruker gjerne bruker hjelpemiddel i aktivitetar.

Jon-Kristian fekk sin første rullestol då han var 1,5 år. Med andre ord manøvrerer han stolen med fingerspisskjensle.

«Eg hugsar korleis Jon-Kristian lyste opp då han plutseleg kunne fyke over golvet med sin første rullestol», fortel Jan Helge.

Utfordra seg sjølve på fjorden

Fagstaben på Haugland legg vekt på å legge til rette for fysisk aktivitet, som kan gi barn og ungdom meistringskjensle.

I det tverrfaglege teamet bidreg blant andre ergoterapeutar ved behov. Dei har mykje kunnskap om ulike aktivitetshjelpemiddel.

På Haugland padla Jon-Kristian kajakk for første gong.

I ein kajakk med utriggarar for betre balanse, sittepute og moglegheita for å kople seg på far eller fagpersonar sin kajakk, utforska Jon-Kristian fjorden.

«Den store utfordringa har vore å komme seg frå den elektriske rullestolen og over i kajakken utan å få ein skade. Vi har dårleg erfaring med det, og difor var det ekstra kjekt å få det til på Haugland. Då drog vi kajakken godt opp på stranda, og klarte det med støtte frå to tilsette. Etterpå padla vi ei god runde saman, rundt holmen og innover fjorden», fortel Jan Helge.

Å padle kajakk er god trening for støttemuskulaturen.

I tillegg er det ei oppleving å vere tett på naturen og utfordre seg sjølve.

Det var gøy å bli kjent med andre på Haugland.

Med tilrettelegging vert fjorden tilgjengeleg, og ein kjem tett på naturen. Foto: Jan Helge.

Lære av kvarandre

På opphald for barn og ungdom har Jon-Kristian vore med å syne nytten av hjelpemiddel til andre ungdommar, som har vegra seg for å ta slike i bruk.

«Det var gøy å bli kjent med andre på Haugland. Vi treng ikkje vere så mange i gruppa for å ha det kjekt», seier Jon-Kristian.

Les meir om barne- og ungdomstilbodet og korleis du kan søke her.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har også gruppetilbod for vaksne med OI.

Bordtennisinteressa var vekt då verdsmeister Tommy Urhaug vitja barne- og ungdomsgruppa. Foto: Jan-Helge.