Slik søkjer du

Vi har avtale med Helse Vest om levering av rehabiliteringstenester, og er ein del av spesialisthelsetenesta.
God informasjon om pasienten på førehand er viktig for at vi skal kunne gje eit godt tilpassa rehabiliteringsopplegg frå starten. Vi ber derfor tilvisar om å vere tydeleg i bestillinga med vekt på aktuell problemstilling og målsetting.

Følgjande kan henvise til rehabiliteringsopphold ved Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter:

  1. Fastlege, legespesialist, kiropraktor og manuellterapeut via Regionalkoordinerende enhet (RKE), sjå søknad frå fastlege
  2. Sjukehus (sender direkte til institusjonen), sjå søknad frå sjukehus
  3. Overvekstpoliklinikk, sjå søknad ved sjukleg overvekt

Merk at det er ulike rutiner for søknad avhengig av om tilvisinga kjem frå sjukehus eller fastlege/ andre tilvisarar utan for sjukehus, eller om søknaden gjeld livsstilsbehandling ved sjukleg overvekt.