Personvernerklæring for Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS

Denne personvernerklæringa fortel korleis Røde Kors Haugland Rehabiliteringsseneter AS samlar inn og brukar personopplysningar.

Adresse til nettstaden vår er https://www.rkhr.no/

Nettstaden vår brukar kryptering med https. Https er ei sikrare utgave av http, der alt innhald som vert sendt og motteke er kryptert.

Det er Mediebruket AS som administrerer heimesida vår.

Organisasjonen vår, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandling av personopplysningar.

Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettsida vår (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).

 

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina di når du besøkjer ei nettside.

Føremålet er både å gjere brukaropplevinga betre for deg ved at nettstaden hugsar innstillingane dine, kva sider du har besøkt, innlogging og eventuelle brukarnamn og andre opplysningar som du har lagt inn og vil at nettsida skal hugse slik at du slepp å skrive dette inn for kvar gong.

Vi brukar ikkje informasjonskapslar til å sjå kva nettsider du besøkjer etter at du har vore på nettsidene våre. Vi lagrar heller ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person.

Det er frivillig for deg som besøkjer nettsida vår å oppgje personopplysningar i samband med tenester, til dømes å sende epost eller anna skjema.

Viss du besøkjer denne nettstaden så samlar vi likevel inn avidentifiserte opplysningar om besøket gjennom verktøyet Google Analytics. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstaden vår. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøkjer ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varer, kva nettstadar brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta.

 

Slik kan du sjå kva informasjonskapslar som vert brukt på ei nettside

Slik administrerer du korleis ei nettside brukar informasjonskaplar 


Kontaktskjema

Når du kontaktar oss via skjema på nettstaden vert dei opplysningane du legg inn lagra så lenge det er behov for dei for å kunne yte dei tenestene du ber om.

Innebygd innhald frå andre nettstadar

Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innhald (t.d. videoar, bilete, artiklar, deling i sosiale medier osv.) frå andre nettstadar. Slikt innebygd innhald frå andre nettstadar fungerer akkurat som om du hadde vore på dei andre nettstadane.

Desse nettstadane kan samle data om deg, bruke informasjonskapslar, innehalde tredjepartssporing, og overvåke korleis du samhandlar med det tredjepartsinnhaldet. Det kan vere å spore korleis du samhandlar med innebygd innhald viss du har ein brukarkonto og er logga inn på den nettsida.

E-post og telefon

Organisasjonen vår nyttar e-post og telefon som ein del av det daglege arbeidet. Den tilsette som har dialogen med den som tek kontakt har det daglege ansvaret for behandlinga av personopplysningar i denne samanhengen.

Den enkelte er ansvarleg for å slette meldingar og informasjon som ikkje lenger er aktuell, og minst ein gong i året gå gjennom og slette unødvendig innhald i e-postkassa. Om medarbeidaren sluttar vert epostkontoane til vedkomande sletta, men enkelte relevante e-postar vil normalt bli overført til kollegaer.

Ver merksam på at vanleg e-post er ukryptert. Henvendingar med helse- og personopplysningar skal ikkje sendast til oss på e-post. Vi kan heller ikkje svare på slike spørsmål via e-post.

Telefonsamtaler (telefonnummer frå og til, og tidspunkt for samtala) vert logga i telefonsentralen vår. Denne loggen er naudsynt for administrasjon og drift av systemet.

Kven deler vi opplysningane dine med?

Vi er behandlingsansvarlege for data som vert samla inn gjennom nettsida vår:
https://www.rkhr.no. Vi deler ikkje informasjon samla inn via heimesida vår med andre.

 

Opplysningar om tilsette, pasientar, gjestar og samarbeidspartar

All behandling av person- og helseopplysningar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter skal skjer i henhold til gjeldande lover og forskrifter.

Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven)
Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven)
Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven)

Ta kontakt med oss viss du har spørsmål til korleis vi handterer person- og helseopplysningar om deg. E-post til personvernombodet ved institusjonen: personvernombod@rkhr.no