Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein ideell organisasjon som jobbar etter verdiane respekt og likeverd. I møte med pasientane har vi fokus på ressursar.
Bli del av vårt tverrfaglege arbeidsmiljø
Som tilsett hjå oss vert du del av eit breitt tverrfagleg fagmiljø. Her jobbar ei rekke ulike fagpersonar, med høg kompetanse og stort engasjement. Totalt har vi 74 årsverk og nærare 100 tilsette ved institusjonen.
Senteret har driftsavtale med Helse Vest RHF om både dag- og døgnrehabilitering og vi gjev tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Vi tilbyr både gruppe og/eller individuelle opphald for vaksne, ungdom og barn. Det er omlag 1300 pasientar til rehabilitering ved senteret kvart år.
Jobb i vakker natur
Vi held til i Flekke i Fjaler kommune, her er kort veg til butikk, barnehage, skule, samt vidaregåande skule. Vår næraste nabo er den internasjonale skulen United World College.
Senteret ligg flott til ved fjorden, og vi nyttar naturen aktivt i rehabiliteringa. Som tilsett har du tilgang til fasilitetar og utstyr på fritid, som treningsrom, badeland, kano og kajakk (krav om våttkort).
Kor finn du oss?
Flekke ligg om lag 15 mil nord for Bergen. Det tek ca. 45 minutt med bil til næraste flyplass. Du kan vere i Oslo etter éin time i fly. Køyrer du til Bergen, bruker du om lag tre timar.
Klikk for meir informasjon om senteret.