Berekraftig praksis
Om organisasjonen
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er eit ideelt aksjeselskap. Føremålet vårt er å tilby habilitering og rehabilitering for personar som har eller står i fare for å få avgrensa si fysiske, psykiske eller sosiale funksjonsevne.
Selskapet er heileigd av Sogn og Fjordane Røde Kors eigedomsselskap AS. Styret har sju medlem, der to er representantar for dei tilsette.
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter arbeider for å ha ein berekraftig praksis med respekt for menneske, samfunn og miljø.
Verdigrunnlaget vårt er:
- Alle skal møtast med respekt og likeverd.
- Alle har ressursar som kan brukast til utvikling og vekst.
- Fremje mangfald og inkludering.
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid, fornying, ansvar og trivsel.
- Fokus på miljø og berekraft.
Selskapet støtter berekraftsmåla til FN.
Vi har særleg fokus på desse måla:
Aktsomhetsvurdering
Selskapet gjennomfører risikovurderingar for kartlegging av potensielle og faktiske negative konsekvensar for menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve og prioriterer tiltak som kan redusere risiko.
Adm.dir. har det overordna ansvaret for aksamheitsvurderingar og kan kontaktast på: inger.osland@rkhr.no eller tlf: 414 48 295
Sertifiseringar
Kvalitetsstyringssystem
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er NS-EN ISO-sertifisert 9001:2015.
Førstegangssertifisert 01.10.2012. Sertifikat nr. 362 ved Dovre Sertifisering AS.
Miljø og klima
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er Miljøfyrtårn-sertifisert
Sertifikatnummer 15501
Vi er Miljøfyrtårn-sertifisert etter følgjande bransjekriterium:
- Felleskriterier, privat og statlig
- Bofellesskap innen omsorg
- Kantine
- Badeland og bassengbad
Våre miljørapporter:
Openheit
Openheitslova (Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold), vart vedteken av Stortinget 1. juli 2022.
Lova skal fremje verksemder si respekt for grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, samt å sikre allmenn tilgang til informasjon.
Våre offentlege rapportar og utgreiingar finn du her: