Fastlege

Tilvising frå fastlege til private rehabiliteringsinstitusjonar må sendast til Regional vurderingseining for rehabilitering (Vurderingseininga),  som vil handsame søknaden utifrå diagnose og målsetting. Behandlingstid er inntil 10 virkedagar. Dei søknadene dei vurderer som aktuelle for Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter vert vidaresendt til oss så snart som mogeleg.

Søknad frå fastlege kan sendast elektronisk til 
Regional vurderingseining for rehabilitering (Vurderingseininga)
.

Det er ikkje krav om tilleggsskjema til søknaden, men det er viktig å få med sentrale opplysningar i tilvisinga for å unngå at søknaden vert avvist eller returnert med spørsmål om tilleggsopplysningar. Hugselista for søknad finn du her.

Om ein ikkje kan sende elektronisk kan ein sende tilvisinga på standard tilvisingsskjema til:

     Regional vurderingseining for rehabilitering
     Østre Nesttunvei 2
     5221 Nesttun