Sjukehus

Dersom pasienten er innlagt i eit helseforetak og det skal søkast om rehabilitering ved ein privat rehabiliteringsinstitusjon, skal henvisninga sendast direkte til den aktuelle institusjonen.
Søknad om rehabiliteringsopphald frå sjukehus/spesialist skal difor sendast direkte til oss enten som elektronisk søknad via Norsk Helsenett (må inntil vidare sendast som epikrise) eller pr post til:

    Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
    Hauglandsvegen 308
    6968 Flekke

Henvisninga skal inneholde

  • pasientens navn, fødselsnummer, korrekt adresse og telefonnummer, ev. navn på foresatte.
  • tilvisar sitt navn, adresse og telefonnummer
  • alle punkta i «Sjekkliste for henvisning»

Grunna rapportering til NPR, må vi også ha opplysning om:

  • ansiennitetsdato
  • vurderingsdato
  • dato frist for helsehjelp
  • ventetid sluttdato

Skjema for Henvisning til privat rehabiliteringsinstitusjon Helse Vest

Ta direkte kontakt med inntakskontoret vårt om der er spørsmål.