Start sommaren på barne- og ungdomsopphald

I år startar vi sommaren med gruppeopphald for barn og ungdom. På timeplanen står kjekke aktivitetar ute og inne – og meistring i lag med andre.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter tilbyr re-/habiliteringstilbod for barn og ungdom frå 6-17 år.

Den neste gruppa for barn og ungdom blir i sommar frå 24. juni til 12. juli 2024.

Start søknadsprosessen saman med din fastlege eller sjukehus allereie no.

Her kan du lese meir om tilbodet og korleis du søker.

Under opphaldet jobbar vi for å:

  • ta eit steg mot eit meir aktivt og deltakande liv
  • legge til rette for meistring og at barnet/ungdommen kan utnytte potensialet sitt
  • førebygge seineffekter etter alvorleg sjukdom

Kven er det for?

Tilbodet er for barn og unge med erverva eller medfødt funksjonsnedsetting.

Det kan vere barn og unge som har ei fysisk funskjonsnedsetting og/eller har vore gjennom alvorleg sjukdom.

Merk: Vi har rullerande opptak.

Søk så raskt som mogleg, og seinast to månader før opphaldet.

Barne- og ungdomsgruppe i oktober

Neste barne- og ungdomsgruppe blir i oktober.

Les om oktobergruppa her.

Gruppe for unge vaksne frå 18 til 30 år

Vi har òg gruppeopphald frå deg mellom 18 og 30 år, som du kan lese meir om her.