Vi er Miljøfyrtårn-sertifisert

Som Miljøfyrtårn jobbar vi for å minske forbruket, energibruken og avfallsmengda ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Det siste året har vi satt i gong eit systematisk arbeid for å redusere klima- og miljøpåveknaden til senteret. Nyleg fekk vi løn for strevet, då vi kunne ta imot Miljøfyrtårn-sertifikatet frå ordførar i Fjaler Leif Jarle Espedal.

«Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har som mål å ha eit tydeleg miljøengasjement og støtte opp under FNs berekraftsmål. Vi er stolte over å kunne kalle oss Miljøfyrtårn», seier kvalitetsleiar Linda Meier.

Miljøarbeid handlar om å ha eit kontinuerleg fokus på eigen drift og jobbe for å minimere negativ påverknad på klimaet, omgjevnader og arbeidsmiljø.

Miljøfyrtårn er eit verktøy for klima- og miljøarbeid i verksemder.  Arbeidet startar med å gjere seg godt kjend med dei viktigaste kjeldene til utslepp og forureining i verksemda. Slik kan ein velge dei rette tiltaka i miljøarbeidet.

«Som ein helseinstitusjon med stort badeanlegg kjem vi ikkje unna eit høgt forbruk av energi. Ein del av dette må vi leve med, samstundes som vi jobbe kontinuerleg med å redusere energibruken der vi kan», fortel Meier.

Dei viktigaste tiltaka vi jobber med no er å redusere forbruket, kaste mindre mat, redusere avfallsmengda og ombruke meir.

Les om våre verdiar. 

Ordførar Leif Jarle Espedal overrakte sertifikatet til kvalitetsleiar Linda Meier og adm. dir. Inger Johanne Osland.