Ofte stilte spørsmål

Det er mange spørsmål som dukkar opp når du har fått tilbod om opphald hos oss. Nedanfor har vi prøvd å samle dei vanlegaste spørsmåla vi får, kanskje du finn svar på spørsmåla dine her. Er det informasjon du ikkje finn på heimesida vår? Ta kontakt med resepsjon på tlf. 57 73 71 00

Ventetidene varierer for dei ulike tilboda våre, du finn oversikt over ventetider her.

Lege eller sjukehus må søkje om plass for deg. Du finn meir informasjon om søknadsprosedyre her.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ligg flotte omgjevnader ved Flekkefjorden i Fjaler kommune, sjå kart for nærare plassering.

Adressa vår er;
Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter AS
Hauglandsvegen 308
6968 Flekke

Det er fleire alternative reisemåtar til Hauglandssenteret, du finn meir detaljert reiseinformasjon her.

Treng du hjelp med å organisere reisa til oss, kan du kontakte Pasientreiser på telefon 05515. Om det elles er noko du lurer på med omsyn til reisa, kan du kontakte oss. Vi vil hjelpe deg med å koordinere heimreisa viss det er behov for hjelp til dette.

I hovudbygget på senteret er det enkeltrom, men nokre av romma har felles bad. I kort avstand frå senteret er det pasientbustader med enkeltrom.

Ja, vi har to basseng på senteret, eit stort basseng med temperatur på ca. 27 grader og eit varmt basseng som held ca. 34 grader. Begge bassenga har tilkomst for rullestolbrukarar.

Har du utfordringar med inkontinens (lekkasje av urin og/eller avføring) må du ha spesiell badebukse berekna for inkontinens for å delta i bassengaktivitet.

Dersom du treng ei slik badebukse kan du ta kontakt med ergoterapeut eller hjelpemiddelformidlar i kommunen din. Det er viktig at du får hjelp til å ta korrekte mål, slik at du får ei badebukse som er spesielt tilpassa deg. Du vil då kunne vere i basseng på lik linje med andre pasientar under opphaldet.

Det er viktig at du kontrollerar at badebuksa passar og er tett før du kjem, og at du har vanleg badetøy som passer over denne. Ver merksam på lang behandlings- og bestillingstid.

Det er fire ladestasjonar for Elbil på området. Uttaka på ladestasjonane er type 2. Pris for lading er pr.minutt så lenge bilen er tilkopla ladestasjonen, dette gjeld sjølv om bilen er fullada. Meir informasjon og pris finn du på www.ladeinorge.no.

I tillegg er det er hurtigladestasjon i Dale, kommunesenteret i Fjaler, som ligg 13 km frå senteret. Sjå BKK sine sider for meir informasjon om ladestasjonen.

 Nei, det er ikkje lov å ta med dyr på senteret pga. allergiar.

Det er ikkje TV på romma, men vi har fleire TV-stover på senteret der du kan sjå NRK eller TV2.

Ja det er trådlaust internett ved senteret. Det er begrensa nett i forhold til å laste ned film mm. På hovudbygget har vi datamaskin tilgjengeleg med tilgang til internett.

Nei, vi har berre hårfønar i garderobane.

Det er ikkje telefon på romma. Vi har pasientalarm i alle pasientbustadane.

På hovudhuset og i nokre pasientbustader er det vaskemaskin og tørketrommel (myntautomatar). Vi har eige tørkerom på hovudhuset for våte ytterkle og sko. Vask og tørk av klede føregår på eige ansvar, då vaskeriet er ubemanna. Det er strykejern på vaskerommet. Bruk av vaskemaskin er gratis. Tørketrommel har myntautomat (20kr).

Det er fint turområde rundt senteret, med merka turløyper. Informasjon og kart finn du i resepsjonen. Her er òg utlån av kano, båt og ulike typar syklar i den aktuelle sesongen, bruk av dette utstyret må vere avklara med fagstab på førehand.

Det er tilbod om organisert aktivitet med fysioterapeut/idrettspedagog laurdagane, elles er det noko redusert organisert aktivitet i helgane. Vi arrangerer enkelte kultur- og fritidsaktivitetar på ettermiddag og helg. Arrangement kan vere konsertar, føredrag, kurs, ulike turar m.m. Nokre arrangement må ein melde seg på, andre er opne for alle. Elles er det lagt opp til eigentrening/eigenaktivitet i helgane.

Vi sel enkle kioskvarer i resepsjonen her hos oss. Næraste daglegvarebutikk ligg i Flekke, 3 km frå senteret. Kommunesenteret Dale ligg 13 km frå senteret, og her finn ein fleire ulike butikkar og bank.

Ja du kan motta eller sende post, det kjem postbod til senteret alle dagar unntatt sundag. Det er Post i Butikk i Flekke, 3 km frå senteret.

Vi har pasientar heile året, med unntak av romjula. Resepsjon og sjukepleieavdelinga er bemanna heile døgnet.

Kva kan vi hjelpe deg med?

Send oss ein forespørsel i feltet under. Helse- eller personopplysningar skal ikkje sendast på epost.