Det er mange fine turar i området rundt Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, og du kan velje mellom korte og lengre turar. Vi har prøvd å samle informasjon om enkelte turar i nærområdet på denne sida. I tillegg til kart og turskildring nedanfor oppmodar vi deg om å gå inn på Ut.no for å orientere deg om turar i området vårt. Vi har også ein eigen turperm og turbok i resepsjonen.

For å få ein optimal tur er det viktig å vere godt førebudd. Studèr kartet før du går, og ha med kart i sekken eller på mobilen viss du går i ukjent terreng. Gode sko og kle tilpassa vêret er viktig, og litt mat/drikke i sekken kan også vere lurt.

Treng du meir informasjon om turane i området her, viser vi til Turistforeninga sine nettsider www.ut.no. Du kan også laste ned appen Ut.no på telefonen din. I tillegg finn du boka «Opptur Sogn og Fjordane» i resepsjonen, som viser ulike turar frå alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Spør viss du lurer på noko, så skal vi prøve å hjelpe deg så godt vi kan.


Tilgjengeleg uteområde for pasientar ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter våren/sommaren 2020: 

Grunna Coronasituasjonen ber vi om at pasientar ikkje går i bustadområdet til UWC-skulen. Studentar er også bedt om å ikkje gå i områda ved bustadane for pasientar og tilsette ved senteret. Viser til vedlagt oversiktskart over område ein ikkje skal bruke i denne perioden:

Turkart Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter 

Oversiktskart over området til RKHR og UWC

Hesteneset

Holmane

Ekranova

Pollaneset

Raudbua

Storemyra – Kvia – Kalvgjerdet

Storemyra (Steinen)

Storemyra via Botnabakkane

Storåsen 

Den Trondhjemske postveg Flekke – Stav

Fredensborg

Grøneholten

Håheia

Jarstadheia