Basseng og fasiliteter

Vi har stort badeanlegg med to basseng, vannsklie og badstover.
For retningslinjer ved bruk av badeanlegget: Sjå oppslag i garderobane og ved bassenga.

Hovudbasseng

Hovudbassenget er 25 m langt, med fire baner og motstraumskanal. Bassenget er 82 cm. djupt på det grunnaste og 1,8 m på det djupaste. Det er
eiga leikesone for barn som er grunnare. Ved bassenget er det vannsklie med eige, lite basseng. Vatnet i hovudbassenget har ein temperatur på 27-28 ºC.

Terapibasseng

Terapibassenget er 12,5 m langt, og ligg adskilt frå hovudbassenget. Bassenget er 85 cm. djupt på det grunnaste og 1,5 m på det djupaste.
Her er eiga sone med boblebad. Vatnet har ein temperatur på 33-34 ºC. Det er tilkomst for rullestolbrukarar til begge bassenga.

Badstover

Ved hovudbassenget finn ein to badstover. Herregarderoben har direkte tilkomst til si badstove.

Retningslinjer for bruk: Sjå oppslag ved badstovene.

Garderobar

I tilknyting til bassenga er det dame- og herregarderobar. Om ein ynskjer å låse garderobeskåpa, kostar det 20,- pr. skåp.