Ofte stilte spørsmål

Mange spørsmål kan dukke opp når du har fått tilbod om plass på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Her finn du svar på ofte stilte spørsmål.

Er det informasjon du ikkje finn på heimesida vår? Ta kontakt med resepsjonen på tlf. 57 73 71 00.

Lege eller sjukehus må søkje om plass for deg. Du finn meir informasjon om søknadsprosedyre her.

Ventetidene varierer for dei ulike tilboda våre, du finn oversikt over ventetider her.

Nokre gongar får vi ledige plassar til komande opphald på grunn av avbestillingar. Har du fått tilbod om rehabilitering hos oss og ønsker å komme tidlegare enn planlagt? Kontakt oss gjerne på tlf. 57 73 71 00 for meir informasjon om å stå på venteliste for ledige plassar.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ligg flotte omgjevnader ved Flekkefjorden i Fjaler kommune, sjå kart for nærare plassering.

Adressa vår er;
Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter AS
Hauglandsvegen 308
6968 Flekke

Det er fleire alternative reisemåtar til Hauglandssenteret, du finn meir detaljert reiseinformasjon her.

Treng du hjelp med å organisere reisa til oss, kan du kontakte Pasientreiser på telefon 05515. Om det elles er noko du lurer på med omsyn til reisa, kan du kontakte oss. Vi vil hjelpe deg med å koordinere heimreisa viss det er behov for hjelp til dette.

Vi har pasientar heile året, med unntak av romjula. Senteret er døgnbemanna.

Ja, alle pasientar får enkeltrom med eigne bad. I hovudbygget på senteret er det enkeltrom med eigne bad. I kort avstand frå hovudbygget, er det og frittståande pasientbustader med enkeltrom og eigne bad.

Det er ikkje TV på romma, men du får tilgang til TV-stove der du kan sjå NRK eller TV2.

Ja det er trådlaust internett ved senteret. Det er noko begrensa nett i forhold til å laste ned film mm.

Det er ikkje telefon på romma. Vi har pasientalarm i alle pasientbustadane.

Du treng ikkje ta med handkle til innandørs bruk, men dersom bading utandørs er aktuelt for deg, må du sjølv ta med handkle for dette.

Nei, vi har berre hårfønar i garderobane.

Nei, det er ikkje anledning til å ta med dyr på senteret pga. allergi.

Etter individuell vurdering, kan det gjerast unntak for pasientar som enten:

  1. har godkjent førarhund som hjelpemiddel grunna heilt eller delvis nedsett syn,
    eller
  2. som har fått innvilga godkjent servicehund grunna fysiske funksjonsnedsetting og som treng hjelp med praktiske gjeremål, som for eksempel å hente gjenstander, åpne og lukke dører, hjelpe til med av- og påkledning (meir informasjon om reglar for servicehund finn du på Forskrift om servicehund)

Ja, det er vaskerom tilgjengeleg på senteret. Vaskemaskin er gratis, mens bruk av tørketrommel kostar 20kr (myntautomat). Vask og tørk av klede føregår på eige ansvar, då vaskeriet er ubemanna. Det er og strykejern tilgjengelig.

Ja, vi har to basseng på senteret. Ein kan lese meir om bassenga her.

Ta med deg badetøy sjølv om du ikkje er glad i å bade, vi har gode hjelparar i bassenget!

Har du utfordringar med inkontinens må du ha spesiell badebukse for å delta i bassengaktivitet. Sjå meir info om dette her.

Dersom du treng ei slik badebukse kan du ta kontakt med ergoterapeut eller hjelpemiddelformidlar i kommunen din. Det er viktig at du får hjelp til å ta korrekte mål, slik at du får ei badebukse som er spesielt tilpassa deg. Du vil då kunne vere i basseng på lik linje med andre pasientar under opphaldet.

Det er viktig at du kontrollerar at badebuksa passar og er tett før du kjem, og at du har vanleg badetøy som passer over denne. Ver merksam på lang behandlings- og bestillingstid.

Det er tilbod om organisert aktivitet med fysioterapeut/idrettspedagog/ergoterapeut laurdagane, elles er det lagt opp til eigenaktivitet/eigentrening i helgane. Det vert og arrangert ulike handtverksaktivitetar i regi av miljøarbeidaren vår.

Det er fint turområde rundt senteret, med merka turløyper. Informasjon og kart finn du her. Her er òg utlån av kano, båt og ulike typar syklar i den aktuelle sesongen, bruk av dette utstyret må vere avklara med fagstab på førehand.

Vi sel enkle kioskvarer i resepsjonen her hos oss. Tilbodet gjeld kun for pasientar og tilsette.

Næraste daglegvarebutikk ligg i Flekke, 3 km frå senteret.

Kommunesenteret Dale ligg 13 km frå senteret, og her finn ein fleire ulike butikkar og bank.

Det er fire ladestasjonar for el-bil i bakken ned til Haugland, alle fire er ladeuttak Type 2. Meir informasjon finn du på www.ladeinorge.no.

I tillegg er det er ladestasjon i Dale, 13 km frå senteret. Sjå Eviny sine sider for meir informasjon.

Ja du kan motta eller sende post, det kjem postbod regelmessig til senteret. Det er og Post i Butikk i Flekke, 3 km frå senteret.

Det er adgangskontroll på senteret. Du kan motta besøk, men må ta hensyn til andre pasientar. Besøk skal registrerast i resepsjonen ved ankomst.

Besøkande kan etter avtale kjøpe mat på senteret, men dei kan diverre ikkje overnatte.

På denne sida finn du viktig informasjon knytt til pandemien.

Kva kan vi hjelpe deg med?

Send oss ein forespørsel i feltet under. Helse- eller personopplysningar skal ikkje sendast på epost.