Sindre (14) og Åshild: «Opphalda har verkeleg betydd så mykje»

Åshild og sonen Sindre har vore på barne- og ungdomsopphald på Haugland to gongar. Her fortel dei om si erfaring.

Etter langvarig alvorleg sjukdom med tøffe behandlingar, slit Sindre med ein del seinskader, som fatigue.

Han ønskte å trene seg opp att og møte andre som har opplevd noko av det same.

Familien spurde barnelegen kva moglegheiter som finst, og legen sende ein søknad om rehabiliteringsopphald for Sindre.

Etter kort tid fekk han tildelt plass på Røde Kors Haugland Rehabiltieringssenter. Familien visste ikkje noko særleg om senteret frå før.

Hausten 2021 reiste dei til Haugland for første gong, spente på kva dei hadde i vente.

Fann treningsglede og nye vener

På Haugland vart Sindre og Åshild del av ei gruppe med barn, ungdom og foreldre med ulike erfaringar. Felles var at barna og ungdommane hadde ei funksjonsnedsetting eller hadde vore gjennom alvorleg sjukdom.

Eg tok med meg heim gode opplevingar i eit supert fellesskap. Opphalda har verkeleg betydd så mykje.

Sindre vart utfordra i ei rekke ulike aktivitetar, som kajakkpadling, bogeskyting, klatring og bordtennis.

Han fortel at han opplevde mykje meistring og treningsglede gjennom aktivitetane. Treninga gav resultat, og dette gjorde han glad. Han fortel at han vart sliten på ein god måte og sov betre enn han hadde gjort på årevis.

Sindre tykte han fekk god oppmuntring og rettleiing av kompetente tilsette, om blant anna trening, energiøkonomisering og ernæring.

Å bli kjent med andre som hadde liknande erfaringar var veldig kjekt og gjorde at han ikkje følte seg åleine. Ekstra kjekt var det at Sindre fekk ein god kompis som han trente med kvar dag.

Godt å sjå sonen blomstre

Også for Åshild vart opphaldet ei god oppleving. Ho fortel:

«Som forelder var det fantastisk å sjå korleis Sindre blomstra opp og kor kjekt han hadde det. Det var verkeleg fint å sjå kva treninga betydde for han og å vere vitne til all meistringa. Det var også godt å sjå korleis han inkluderte dei andre og kor mykje kjekt dei fann på i lag».

Som forelder var det fantastisk å vere vitne til all meistringa.

Vi har fokus på tilpassa fysisk aktivitet og positive meistringsopplevingar. Her tester Sindre bogeskyting.

Åshild syns også det var verdifullt å bli kjent med andre foreldre, å utveksle erfaringar og ha det hyggeleg saman.

Ho opplevde fellesskapet blant foreldra som inkluderande og lærerikt.

Vaks på opphaldet

Sindre fortel at han tok med seg heim gode minner og nye venskap.

Heime haldt han fram med å trene dagleg, noko som er ei hjelp både fysisk og psykisk. Han seier at han vaks veldig på all meistringsgleda og fekk tru på at han får til veldig mykje og faktisk er veldig god i noko. Å sjå at dei andre som var der også opplevde meistring, gav han stor glede.

«Det eg er hjartens einig i. Fleire gonger såg eg dei heie på kvarandre og dele gleda når dei meistra,» fortel Åshild.

Opphaldet fungerte så bra for Sindre og Åshild at dei fekk kome tilbake året etter.

«Eg tok med meg heim noko ny lærdom, nye erfaringar, nye venskap og gode opplevingar i eit supert fellesskap. Opphalda har verkeleg betydd så mykje,» fortel Åshild.