Langvarig arbeidsretta rehabilitering virkar

Undersøkingar utført dei siste åra i Noreg viser at institusjonsbasert (og kalla døgnbasert) arbeidsretta rehabilitering over fleire veker gjer betre resultat for personar med langvarig sjukefråvær enn kortvarige tilbod. Det er Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering som melder dette på nettsida si.

I perioden 1.10.2010 – 17.6.2016 vart det drevet arbeidsretta rehabilitering og forsking ved Hysnes Helsefort, eit prosjekt gjennomført av St. Olavs hospital og Helse Midt-Norge. Denne forskinga har generert mykje kunnskap om f.eks. effekt av slik rehabilitering.

Blant anna vart effekt av ulike rehabiliteringsprogram samanlikna: eit poliklinisk tilbod ved sjukehuset, eit kort opphald på institusjon (to gonger á fire dagar med to veker heime med konkrete oppgåver), og eit langt opphald på institusjon (3,5 veker).

Resultata viser at det var ingen forskjell mellom det korte opphaldet og det polikliniske tilbodet i tilbakeføring til arbeid etter 12 månader. Men det er ein effekt av det lange opphaldet samanlikna med eit poliklinisk tilbod. Deltakarane som har fått det lange opphaldet har færre dagar med NAV-ytingar, er raskare tilbake til stabilt arbeid, og har ein større andel som er i arbeid både eit år og to år etter opphaldet.

Resultata var ikkje overraskande.

– Deltakarane hadde vore sjukemeldte i lang tid før opphald, noko som har vert med å sementere situasjonen. Det er krevjande å endre fokus frå plager og sjukdom til meistring. Derfor vil det å skape endring ta tid. På Hysnes lærte vi at deltakarane si erfaring med å arbeide med slike problemstillingar i grupper var med på å fremme denne endringsprosessen, seier professor emeritus Roar Johnsen som var prosjektleiar for effektvurderingane av Hysnes.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har lang og god erfaring innan arbeidsretta rehabilitering. I tråd med desse resultata tilbyr vi 3 vekers rehabiliteringsopphald med tverrfaglig behandling.

Les heile nyheita her