Stor meistringsglede når representantar frå paraidretten og bordtennismiljøet i Hordaland var på besøk

Onsdag denne veka hadde vi besøk av Tommy Urhaug, utøvar Stord BTK, og Thomas Sætre, Bergen paraidrettslag, her på Hauglandssenteret. Pasientar og tilsette fekk  innføring i bordtennis og fekk prøve seg i aktiviteten. Bordtennis er ein fantastisk idrett som fungerer uavhengig av om ein har ein funksjonsnedsetting eller ikkje. Det er ein fin aktivitet for å få meistringsoppleving, samt at det er god trening i koordinasjon og motoriske ferdigheitar. Tilbakemeldingane frå alle som deltok var veldig gode.

Vi vil og takke Parabordtennis Norge for dei to bordtennisborda som vi har fått og som pasientane våre vil få stor glede av å bruke framover.