Mistanke om smitte på senteret er avkrefta.

Søndag 07.03 fekk vi informasjon om at ein utskriven pasient ved Hauglandsenteret hadde testa positivt for Covid-19. Det blei igangsatt smittesporing knytt til pasientar frå 11 kommunar. 21 utskrivne pasientar og 7 tilsette vart satt i karantene, i tillegg til familie i ventekarantene.

Utskrivne pasientar, inneliggande pasientar og tilsette i karantene vart testa for Covid-19. Alle prøver var negative. Vi ynskjer å takke smitteteamet i Fjaler Kommune for eit tett og godt samarbeid.

Det er no normal drift ved senteret, og vi fortsett å halde på gode smittevernsrutiner. Dersom du skal på opphald hjå oss finn du nyttig informasjon knytt til smittevern her.

Med vennlig helsing

Leiinga ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter