Gjensidigestiftelsen støttar senteret for å vidareutvikle klatretilbodet

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har ilag med idrettslaga Dale IL og Svint IL søkt Gjensidigestiftelsen om støtte til å vidareutvikle klatretilbodet for barn og unge.

Klatring er ein populær aktivitet for mange, og senteret fekk i 2020 ny klatrevegg. No ynskjer vi å gjere denne meir tilgjengeleg for fleire, og vil opne opp for lokale barn og unge.

Støtta frå Gjensidigstiftelsen på kr. 160 000,-. Midlane vil hjelpe oss til å gjere tilbodet tilgjengeleg for flest mogleg, utan at det skal ha for store kostnader for deltakarane.

Etter at klatreveggen var ferdig har vi nytta den i tilbodet til pasientar ved senteret. Vi har fått god erfaring med å tilrettelegge for ulike aldrar og funksjonsnivå, og vi ser at klatring er ein god arena for meistring, seier Ragnhild Follevåg, kontorleiar ved rehabiliteringssenteret.

Barn og unge har eit variert tilbod i nærområdet. Likevel fell somme utanfor av ulike grunnar. Dette tilbodet skal vere for alle, men vi håpar særleg å få med dei som ikkje deltek i anna aktivitet på fritida.

Vi er no i gang med planlegginga, og vi vil komme med meir informasjon om tilbodet i løpet av våren.