Hesteneset

Lengde ein veg: 0,5 km

Gradering: Lett

Universelt tilrettelagt: Ja

Frå Hauglandssenteret følgjer ein asfaltert veg frå nedsida av senteret, bort til UWC-landsbyen. Ta ned mot Leif Høegh Senteret, eit mint-grønt hus på høgre side. Når ein har passert huset kan ein velje tre alternative vegar. Det går to stiar; ein langs vatnet rundt odden, og ein direkte over enga. Her er det svak stigning og noko ulendt terreng. Hovudvegen svingar frå Leif Høegh senteret mot venstre, og deretter mot høgre over på grusveg. Her passerar ein Silent House på høgre side. Like forbi går det ein grusveg oppover med ei stor trerot på høgre side. Gapahuk og bålplass er å finne like over toppen av denne stigninga.