Fredensborg

Lengde frå parkeringsplass – Fredensborg: 0,5 km

Det er og mogleg å gå rundtur: 2,7 km

Gradering: Lett

Fredensborg er ein gamal park med privat gravlund frå 1824 midt i skogen.

Fredensborg er ein fin og lett tur ca.15 min. biltur frå Haugland. Frå Flekke sentrum køyrer du ca. 1 km. på Rv.57 mot Bergen, ta deretter av til høgre på Fv. 607 og køyr om lag 7 km. mot Tysse. På parkeringsplassen på Tysse finn du informasjon om turen til Fredensborg.

Frå parkeringsplassen er det om lag 500m. lett stigning på gamal skogsveg opp til vatnet, der du tek til høgre og går i bøkeallè for å komme opp til gravplassen.

Du kan gå rundt vatnet og tilbake til parkeringsplassen same veg som du kom. Eit anna alternativ er å gå delvis rundt vatnet før du tek av på sti mot Fagervika, gå deretter langs vegen mot Leitet, før du går over på tursti i gjelet mellom Leitet og Lillingstonheimen. Frå Lillingstonheimen går du langs bilvegen tilbake til parkeringsplassen.