Storåsen

Lengde ein veg: 2,1 km

Gradering: Middels

Frå Hauglandssenteret passerer ein Bekkerhuset, og går deretter ca. 100m vestover langs bilvegen. Ta deretter av til høgre på skogsveg, skogsvegen er merka med skilt til Jarstadheia, Rakneberg og Dale.

Det er bratt og jamn stigning på grus-/grasveg til Storemyra (ca. 600m), der stien deler seg  og du skal gå rett fram mot Dale. Stien flatar ut dei neste 500m. før det igjen er bratt stigning. I Eidsskaret (200moh) deler stien seg, du skal fylgje stien til venstre i bratt terreng og open skog mot Storåsen.
På toppen av Storåsen flatar stien ut, og det er fleire stiar mot utsiktspunkt der du kan sjå innover Flekkefjorden og eller få utsikt mot Dalsfjorden.