Høgevarden

Lengde ein veg: 2,5 km (avheng av kva turløype du vel)

Høgde: 515 moh (fjelltopp)

Gradering: Medium

Universelt tilrettelagt: Nei

Køyr mot Dale, sving til høgre på Stav ca. 4 km frå Flekke. Det er to mogelege startpunkt, etter 500 m og etter 700 m. Du ser skilt i vegkanten. Det er fleire parkeringsmogelegheiter langs vegen.

Begge vegane følgjer skogsveg i starten og går over til sti som er bra merka til toppen. Frå toppen på Høgevarden kan du og gå vidare til Flekkestølen.

Skogsveg 1 (Hans sin skogsveg): Følg skogsvegen ca. 1 km. Vidare går du på sti, delvis i blautt terreng til toppen, ca. 1,5 km. Nokre hundre meter etter skogsvegen sluttar  er det skilta sti mot Vardane og Longevatna. Det er ei lett og fin runde å gå til Vardane og tilbake på den andre skogsvegen. Dette er ein tur med lite stigning.

Skogsveg 2 (Ole sin skogsveg): Ca. 1 km skogsveg opp til Florane (fin steinmur) Gå vidare rett fram ei bratt skråning og ta til høgre over elva. Du følgjer no sti til to flotte vardar. Her kan du gå vidare til Svenova, Høgevarden eller Longevatna. Alle stiane er merka med raude pinnar og vardar. Frå Vardane er det ca. 1,5 km til Høgevarden. Frå toppen kan du ta andre vegen tilbake og komme ned på skogsveg 1, eller du kan gå ned til Flekkestølen og tilbake til Flekke.

For meir informasjon, sjå: https://ut.no/sted/143882/hgevarden