Holmane

Lengde ein veg: 0,5 km

Gradering: Lett

Universelt tilrettelagt: Ja

Det ligg to holmar nedanfor senteret. Det er gangbru frå Naustet og over til
holmane, og det er gangbru mellom dei to holmane. På holmane er det fleire
korte turstiar, og det er benkar å setje seg ned på om ein treng kvile eller
berre vil slappe av i fred og ro.

På den største holmen ligg bogeskytebana vår, som vert brukt i enkelte
aktivitetar og til leirskule i sommarhalvåret.