Jarstadheia (Longelia)

Lengde ein veg: 4 km

Gradering: Krevjande

Ved start frå Hauglandssenteret passerer ein Bekkerhuset og går ca. 100m vestover langs bilvegen. Ta deretter til høgre ved skogsvegen. Skogsvegen er merka med skilt til Jarstadheia, Rakneberg og Dale. Det er jamn stiging dei første 1 km. Terrenget er på grus-/grasveg til Storemyra, der den deler seg og du skal ta til høgre i dels bratt skogsterreng gjennom open skog og myr.

Når du kjem opp i skaret kan du ta til venstre, og gå 50 meter til eit fint utkikkspunkt, Skurveholten.

Over tregrensa føl ein fjellryggen til høgre ca. 1 km til toppen (584 moh). På toppen er fin utsikt nordover mot Dale og sørover mot Flekke.

Ned igjen kan ein enten fortsette til Storlifjell og Rakneberg, eller fylgje stien tilbake til senteret.