Den trondhjemske postveg

Lengde ein veg: 2,7 km

Gradering: Lett

Turen startar ved Ungdomshuset i Flekke. Går ein frå Hauglandssenteret vert turen 2,5 km lengre kvar veg (langs bilvegen).

Rett før bakken ned til Jokerbutikken tek ein av til venstre, deretter føl du vegen rett fram heilt til Stav. Det er gruslagt bilveg til Vellene, deretter småkupert grus- og grasveg til Stav. Det er litt bratt stigning siste delen opp mot Stav, der postvegen møter Riksveg 57. Det er skytebane i Stavsdalen, raudt flagg markerer skyteaktivitet. Det er skilta veg bak skyteanlegget som må brukast når skyting pågår. Det er bra sykkelveg bortsett frå siste stykket opp mot Stav.