Flekkestølen

Lengde ein veg: 2 km (kvar veg)

Gradering: Middels

Turen startar ved Turvedalsbrua rundt 1km frå Flekke sentrum, langs RV 57 mot Dale. Det er ein liten parkeringsplass på høgre side av vegen ca. 20 meter før stien startar. Du må gjennom ei grind, og der står det skilt med turkart.

Det er jamn stigning på skogsveg til Sessane (ca. 1km), der det er kvileplass og postkasse. Frå Sessane er det gamal stølsveg/sti fram til Flekkestølen, som ligg ca. 310 moh.

Det er fleire turmoglegheiter vidare frå Flekkestølen for dei som ynskjer ein lengre tur. Det er merka tur til Høgevarden, Flekkenipa og Langevatna.