Røbua

Lengde ein veg: 2,4 km

Gradering: Middels

Frå Hauglandsenteret går ein opp forbi Bekkerhuset og deretter vestover langs den asfalterte bilvegen til Kalvegjerdet (Båten). Deretter fortset ein på skogsveg og sti i lett terreng. Siste stykket mot fjorden er i delvis bratt nedoverbakke og det kan vere lurt med stavar her.

Ved Røbua er det etablert bålplass på svaberga med utsikt ut Flekkefjorden.

Tilleggsturar: Langs stien er det også skilta til Pollaneset og Storemyra slik at ein kan forlenge turen om ein ynskjer det.