På Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter tilbyr vi rehabilitering for vaksne

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter eit rehabiliteringssenter innan spesialisthelsetenesta. Vi tek imot rundt 1 300 pasientar årleg, med variasjon i funksjonsnivå, tilstand og diagnose. Pasientane kjem i hovudsak frå dei to fylka Rogaland og Vestland, men tilbodet er landsdekkande. Aldersgjennomsnittet er under 50 år.

Behandlingsideologien er inspirert av Erling Stordahl sin visjon om å leggje til rette for aktivitet og deltaking uavhengig av funksjonsnivå. Vi set pasienten i sentrum for sin eigen rehabiliteringsprosess, og tverrfagleg stab vil motivere og rettleie undervegs. Vi har ei ressursfokusert tilnærming, der pasientane sine ressursar er viktigare enn begrensingane. I prosessen nyttar vi friluftsliv, tilpassa fysisk aktivitet og samtale, samt undervisning basert på kognitiv/metakognitiv terapi. Heilskapstanken står sentralt i rehabiliteringsprosessen.

Fagideologien byggjer på skulemedisinske prinsipp der måla er å:

  • Auke sosial og/ eller arbeidsmessig deltaking
  • Redusere følgjetilstander etter sjukdom
  • Betre psykisk helse
  • Betre fysisk helse

Vi har driftsavtale med Helse Vest RHF om spesialiserte rehabiliteringstenester og arbeidsretta behandling, og vi tilbyr døgnopphald.

Fagkompetanse

Ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er det ein stor tverrfagleg stab med kompetanse innan spesialisert rehabilitering. Fagmiljøet består av legar/ legespesialistar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, idrettspedagogar, klinisk ernæringsfysiolog, logoped, sosionom, arbeidskonsulent og helsefagarbeidar. Medisinsk fagleg ansvarleg er overlege Helena Aarsnes, spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering.

Slik søkjer du

Det er ulike rutiner for søknad. For meir informasjon om søknadsprosess trykk her. 

Pasientgruppene våre

Vi har både døgn- og gruppeopphald, og tilbyr opphald til ei rekke pasientgrupper. Under kan du lese meir om  dei ulike tilboda: