Kartleggingsopphald

Kartleggingsopphald er eit kortvarig tverrfaglig vurderingsopphold i spesialisthelsetenesta.

Målet er å gjere ei grundig og tverrfaglig utredning av pasienten sine helseproblem, kartlegge
ressursar og faktorar som påvirkar pasienten si helse og arbeidsevne, samt gje forslag til vidare
oppfølging og behandling.

Opphaldet er individuelt og varer i fem dagar.

Overordna mål

Hovedmålet er å gjere ei heilskapsvurdering og komme frem til naudsynte tiltak som kan hjelpe pasienten til betring og/eller å meistre og å lære å leve med sine plager, inkludert vurdere om eit eventuelt vidare forløp skal følgast opp av primærhelseteneste eller spesialisthelseteneste.

Delmål
  • Gjennomføre grundig kartlegging ut frå ein biopsykososial modell, her under meistringstru, funksjons- og meistringsevne, fysisk funksjonsevne, samt omgivelsesfaktorar av betydning for pasientens deltakingsevne.
  • Tverrfagleg team utarbeider ei anbefaling om vidare forløp på bakgrunn av
    henvisningsopplysningar, pasienten sine eigne opplysningar samt kartlegging utført i
    løpet av vurderingsopphaldet.
  • Pasienten får erfaring og betre kompetanse om eigen situasjon, samt plan for vidare
    rehabiliteringsprosess.