Brystkreft

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har sidan oppstarten i 1992 gjeve tilbod om rehabilitering etter kreftsjukdom. Allereie i 1998 starta vi å forske på rehabilitering for brystkreftopererte kvinner, og har i tida etter vidareutvikla tilbodet til å omfatte ulike kreftdiagnoser. Dagens tilbod er for deg som er ferdigbehandla etter brystkreft, uansett behandlingsmetode.

Målgruppe:

Etter at kreftbehandlinga er over, dukkar det ofte opp nye spørsmål: Korleis er det å leve med ein kropp som har gjennomgått kreftbehandling? Kva er hensiktsmessig no, og korleis bør du legge opp kvardagen? Vi har tilbod til kvinner som har eller har hatt brystkreft. Her får du treffe andre kvinner som veit kva du snakkar om, samtidig som du får fagleg rettleiing og oppfølging.

Mål:

Målet med gruppa er å hjelpe deg til å komme tilbake til eit aktivt liv med fysisk, sosial og evt. arbeidsmessig deltaking. Du vil bli fulgt opp av eit dyktig tverrfagleg team som fokuserer på både fysisk og psykisk helse. Vi ynskjer å lære deg hensiktsmessige meistringsstrategiar gjennom bruk av tilpassa fysisk aktivitet, undervisning og samtaler basert på kognitiv og metakognitiv terapi.

Tiltak og metode:

Rehabiliteringssenteret har gode fasilitetar med treningssalar og basseng, og kan tilby flott natur med moglegheit for varierte friluftsaktivitetar. Du vil under opphaldet få aktivitet tilpassa ditt funksjonsnivå, med eige treningsprogram for betring av di fysiske yteevne. Aktivitetane føregår individuelt og i grupper, både inne og ute. Aktivitetstilbodet ved senteret omfattar symjing, gruppetrening i gymsal og terapibasseng med fokus på kroppskjennskap, avspenning, styrke- og kondisjonstrening. Vi har utandørs bogeskyting og innandørs skytebane med luftgevær og simulator, tai chi og yoga, turar og naturopplevingar som kano- og kajakkpadling, klatring og rappellering. Du kan også delta på kortare og lengre utflukter, samt kulturelle aktivitetar og handverksaktivitetar.

Vi har undervisning i gruppa som omfattar tema som fatigue, ernæring, seksualitet og samliv, lymfødem, fysisk aktivitet og arbeidsrettar. Du vil ved behov få individuell samtale med lege, sjukepleiar, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og ergoterapeut, i tillegg til oppfølging med fysioterapeut. Gruppesamtalane i kognitiv og metakognitiv terapi kan gi verdifulle møter med andre i liknande situasjon som deg.

Ta gjerne kontakt med oss på tlf. 57737100 for meir informasjon.

Søknad:
Søknad om opphald må sendast frå fastlege eller sjukehus.

Gruppeopphald