Med hjelp frå gode fagfolk lærte Janne å meistre kvardagen med fatigue

Då Janne var ferdig med behandling for brystkreft tidlegare i år, innsåg ho at ho no sto ovanfor nye utfordringar.

Behandlinga for brystkreft hadde sete sine spor i kroppen.

Ville meistre kvardagen med fatigue

Janne fortel at det ikkje er lett å føle på at ein ikkje maktar det same som før. Å komme seg igjennom kvardagen kunne slite henne heilt ut.

Denne følelsen av trøyttheit og mangel på energi, som heiter fatigue, er noko mange kreftpasientar opplever etter endt behandling.

Rehabiliteringsopphaldet vart starten på ein prosess.

For å lære og takle denne utfordringa, bestemte Janne og fastlegen hennar seg for å søke om eit rehabiliteringsopphald ved RKHR.

Erfarte korleis ho kunne balansere kvardagen

Janne fortel om den gode hjelpa ho har fått frå dei tilsette ved RKHR, og at ho har ho fått auka kunnskap og gjort seg erfaringar på korleis ho skal takle fatigue.

Gjennom tilpassa fysisk aktivitet, kognitiv terapi og kvile, har ho erfart korleis ho kan balansere kvardagen.

Målet hennar var å kunne meistre kvardagen utan å bli totalt utslitt. Då er det viktig, men ofte vanskeleg å avgrense seg sjølv. Janne understrekar at det er viktig å ta seg pausane ein treng.

Møtte andre brystkreftpasientar

Det hadde også stor betydning for Janne å møte andre brystkreftpasientar, som forstår kva ein har vore gjennom, fortel Janne.

Å le saman, på tross av det alvorlege ein har opplevd, er godt.

Rehabiliteringsopphaldet er starten

Rehabiliteringsopphaldet er starten på ein prosess, og Janne føler seg mykje betre rusta for kvardagen etter opphaldet.

Ho veit at det kjem til å ta tid, men ser også framstega ho allereie har gjort.

No ønsker Janne å gje håp til andre kreftpasientar som opplever seineffektar som fatigue.

«Med god hjelp frå fagfolk kan det faktisk bli betre», seier ho.

Janne satt seg eit mål om å gå på fjellturen «Steinen» i løpet av opphaldet. Det klarte ho!