Tinnitus og menieres

Vi har lang erfaring i behandling av eit bredt spekter av diagnoser og tilstandar, og vi har sidan 2010 hatt tilbod om spesialisert rehabilitering til pasientar med diagnose tinnitus. Frå januar 2015 utvida vi tilbodet til også å gjelde Menière.

Målgruppe:
Tilbodet rettar seg mot personar med tinnitus og Menière, og som har behov for eit tilbod i spesialisthelsetenesta.

Mål:
Målet er å bidra til betring av livskvalitet gjennom auka deltaking og betring av fysisk og psykisk helse.

Tiltak og metode:
Vi tilbyr tverrfagleg rehabilitering i gruppe med ei helsepedagogisk og kognitiv tilnærming. Tilbodet består av individuelle samtaler, tilpassa fysisk aktivitet, undervisning og samtalegrupper. I tillegg til spesifikk trening i gymnastikksal, symjebasseng, terapibasseng og treningssal, tilbyr vi meistringsopplevingar og varierte lystbetonte aktivitetar. Vi brukar naturen/uteområdet aktivt, og tilbyr aktivitetar som kano/kajakkpadling, klatring/rappellering, skyting og bogeskyting.

Vi har fokus på ressursar og ynskjer å motivere den enkelte til mobilisering av eigne ressursar og stimulere til å ta eige ansvar i rehabiliteringsprosessen. Gjennom støtte, rettleiing og oppfølging vil vi bistå den enkelte til å sette seg eigne realistiske rehabiliteringsmål. Du får innføring i kognitiv terapi og innblikk i smarte strategiar for å kunne leve med plagene knytt til tinnitus og Menières.Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal kunne vidareførast når du kjem heim.

Kontakt med eksterne samarbeidspartar:
Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlege, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, den kommunale helsetenesta/heimetenesta, hjelpemiddelsentral eller andre.

Kortid?
Vi har tilbod for deg som er plaga med tinnitus eller har Menières sjukdom. Fordi ein kan lære mykje av å møte andre i same situasjon, vel vi å samle pasientane i grupper. Her er rettleiing i tilpassa fysisk aktivitet og felles undervisning. Du får innføring i kognitiv terapi og innblikk i smarte strategiar for å kunne leve med plagene knytt til tinnitus og Menières.

Søknad:
Søknad om opphald må sendast frå fastlege eller sjukehus.

Gruppeopphald