Vestibulær Sjukdom

Eit nytt tilbod for deg med svimmelheit og balanseforstyrringar

Forsking viser at vestibulær rehabilitering har ein positiv innverknad på symptom knytta til sjukdommar i balanseorganet i det indre øyret. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter startar i november 2019 opp med eit nytt gruppetilbod til pasientar med vestibulære sjukdommar. Tilbodet er utarbeidd i samarbeid med Nasjonal Kompetanseteneste for vestibulære sjukdommar.

Målet med opphaldet er at du gjennom læring og erfaring skal få opparbeide deg nye mestringsstrategiar for å fungere betre i kvardagen din og eventuelt også i arbeid. Vi har ei ressursfokusert tilnærming, der dine ressursar er viktigare enn begrensingane. I behandlinga nyttar vi vestibulær rehabilitering, friluftsliv, tilpassa fysisk aktivitet og aktivitetskalkulator. Vestibulær rehabilitering er ei øvelsesbasert behandlingsform med mål om å bl.a. redusere svimmelhet, betre balansefunksjon og generell fysisk kapasitet.

Ein får hjelp og rettleiing til bevegelse og balanseutfordringar. Undervisning basert på kognitiv/metakognitiv terapi er ein del av behandlingstilbodet. Gjennom opphaldet vil vi legge vekt på å legge til rette for meistringsopplevingar og å gje positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt. Det blir inntak i grupper med seks-åtte pasienter per gruppe, på tre vekers opphald.

Omfang:

6-8 pasientar per gruppe. 3 vekers opphald.

Gruppeopphald