Sjukleg overvekt

Målgruppe:
Tilbodet vårt om livsstilsbehandling, er for personar som er motivert for ei varig livsstilsendring og som har KMI over 40, eller KMI over 35 med fedmerelaterte tilleggslidingar som til dømes muskel- og skjelettplager, diabetes mellitus type 2, hypertensjon, mm.

Opphaldet er døgnbasert og går over tre veker. Det er individuelt tilpassa, der aktivitet føregår i gruppe.

Mål:
Målet er å redusere fare for fedmerelatert sjukdom, få betre fysisk og psykisk helse, og auke sosial-/arbeidsmessig deltaking. Gjennom kunnskap, bevisstgjering og erfaring med endringsprosess, kosthald og fysisk aktivitet, oppleve meistring og få auka livskvalitet. Vi ynskjer å legge til rette for positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt, samt hjelp til å starte ein prosess som den enkelte skal kunne vidareføre ved heimkomst.

Tiltak og Metode:
Vi nyttar ei helsepedagogisk og kognitiv tilnærming i rehabiliteringa. Du får oppfølging av tverrfagleg team, hjelp til å nå målsettinga di og vi har fokus på ressursane dine.

Det vert lagt til rette for gode meistringsopplevingar gjennom spennande og allsidige aktivitetar både inne og ute. Du får tilbod om ei praktisk og teoretisk undervisning i ernæring, innlæring av sunne matvaner og måltidsrytme. Vi nyttar kognitiv tilnærming for å handtere tankar, følelsar og åtferd knytt til kropp, kosthald og fysisk aktivitet.

Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal kunne vidareførast når du kjem heim. Arbeid med strategi og plan for korleis du skal handtere kvardagen når du kjem heim er difor viktig.


Kontakt med eksterne samarbeidspartar:
Under rehabiliteringsopphaldet kan vi ta kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlegen din, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelsetenesta eller andre samarbeidspartar som kan bistå deg vidare.


Søknad
Pasientar med sjukeleg overvekt som kan ha behov for behandling og rehabilitering i spesialisthelsetenesta skal først henvisast til utredning ved overvektspoliklinikk ved lokalt helseforetak (sjukehus).

Pasienten sin fastlege søkjer og sender tilvising til den respektive overvektspoliklinikken i det helseføretaket der pasienten bur. Sjå meir informasjon på Helse Vest si nettsideTilvisinga til dette behandlingsopplegget kan vere eit poliklinisk notat eller ei epikrise som er merka med ”tilvising til livsstilsbehandling”.