Hjerneslag

Målgruppe:
Tilbodet er for personar som har hatt hjerneslag og har behov for oppfølging i spesialisthelsetenesta.

Mål:

  • Lære hensiktsmessige meistringsstrategiar etter alvorleg sjukdomsforløp, for å gjenoppta deltaking sosialt og evt. utdannings- og arbeidsdeltaking
  • Fokus på livsstilsendring, trening, og mestring

Tiltak og metode:

  • Tverrfagleg spesialisert rehabilitering med fokus på tilpassa fysisk aktivitet og kognitive endringsprosessar
  • Tverrfagleg kartlegging av funksjonsevne
  • ADL vurdering
  • Styrking av eigne ressursar og moglegheiter
  • Vurdering og utprøving av aktivitetshjelpemiddel/ ADL- hjelpemiddel
  • Opplæring/rettleiing/rådgjeving
  • Individuell trening/behandling
  • Treningsterapi: tilrettelegging/instruering av eigentreningsprogram
  • Trening etter Bobath konseptet ved ergoterapeut/fysioterapeut
  • ADL-trening ved behov ved tverrfagleg team
  • Spesifikk undervisning retta mot kosthald og røykeslutt

Det vert utarbeidd individuell behandlingsplan for alle pasientar. Ein i fagteamet er koordinator under heile opphaldet, og vi vil ha fokus på styrking av pasienten sine ressursar og moglegheiter. Vi har varierte fasilitetar både ute og inne, og er godt tilrettelagt for dei som nyttar ganghjelpemiddel eller rullestol. Vi har særleg gode moglegheiter for bassengaktivitet og friluftsopplevingar. Spesielle aktivitetar er innandørs skytebane tilrettelagt for rullestol, samt padling på fjorden.

Vi har god tverrfagleg kompetanse ved institusjonen. Pasientar med hjerneslag vil i hovudsak møte sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut og lege. Andre aktuelle faggrupper kan være ernæringsfysiolog, sosionom, samhandlingskoordinator og logoped. Dette vert vurdert individuelt. Tverrfagleg stab har utdanning i kognitiv terapi.

Kontakt med eksterne samarbeidspartar:
Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlege, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, den kommunale helsetenesta/heimetenesta, hjelpemiddelsentral eller andre.

Søknad:
Søknad om opphald må sendast frå fastlege eller sjukehus