Multippel Sklerose

Målgruppe:
Tilbodet er for deg som har fått diagnose Multippel Sklerose, og som har behov for å oppretthalde eller betre funksjonsnivået ditt.

Mål:
Lære meistringsstrategiar i forhold til dosering av aktivitet og sosial deltaking, og/eller arbeidsdeltaking. Gje deg positive opplevingar knytt til det å bruke eigen kropp aktivt, og starte ein prosess som skal kunne vidareførast ved heimkomst.

Tiltak og Metode:

  • Gruppetilbod som varer i tre veker
  • Oppfølging av tverrfagleg team
  • Ein i teamet vert koordinatoren din under opphaldet
  • Helsepedagogisk og kognitiv tilnærming i rehabiliteringa
  • Hjelp til å nå målsettinga di
  • Fokus på ressursane dine
  • Individuell tilpassa aktivitet i gruppe. Dette kan vere tilrettelegging/instruering av eigentreningsprogram, trening basert på Bobath konseptet, kartlegging, rådgjeving og praktiske øvingar ved evt. inkontinensproblematikk, utprøving av aktivitetshjelpemiddel og ADL-trening
  • Spennande og allsidige aktivitetar både inne og ute som vert gjennomført som trening i gruppe. Eksempel på aktivitetar er trening i varmt basseng, bevegelsestrening, basal kroppskjennskap, avspenning i basseng, turar og naturopplevingar. Vi har også ei rekke meistringsaktivitetar som klatring, rappellering og kano-/kajakkpadling. Alle desse aktivitetane vert tilrettelagt for deg og din funksjon.
  • Du kan delta på handverksaktivitetar, sosiale utflukter og kulturelle aktivitetar
  • Du møter andre med same diagnose
  • Undervisning i aktuelle tema, der ein kan ta opp ulike relevante spørsmål/problemstillingar
  • Det er eit mål at den prosessen du startar på under opphaldet hos oss, skal kunne vidareførast når du kjem heim

Vi tilbyr gruppeopphald for personar med multippel sclerose. Her er tilrettelagte fasiliteter med to basseng og treningssalar, og fagleg oppfølging i tilpassa fysisk aktivitet. Vi ser at likemannshjelpa, der ein møter andre i same situasjon, er av stor verdi ved eit gruppeopphald. Du får òg innføring i kognitiv terapi, eit spennande verktøy for å sjå nærare på tankane knytt til det som skjer med deg.

Kontakt med eksterne samarbeidspartar:
Under rehabiliteringsopphaldet tek vi kontakt med aktuelle eksterne aktørar ved behov, dette vert alltid gjort i samråd med den enkelte pasient. Det kan vere fastlegen din, arbeidsgjevar, NAV, bedriftshelseteneste, heimetenesta i kommunen eller andre.


Søknad

Søknad om opphald kan sendast frå fastlege eller frå sjukehus.

Gruppeopphald