Døgnopphald

Vi har tilbod om døgnopphald. Eit døgnopphald vil sei at du bur på senteret gjennom heile perioden og ein får servert alle måltid. Det er mogleg å reise heim i helgane, men vår erfaring er at ein får best utbytte av opphaldet dersom ein blir på senteret i tildelt tidsrom. Vi har aktiviteter i løpet av helga, og dette er anbefalt å delta på. Mange har ein travel kvardag og mykje krav som skal innfriast. Det å komme vekk ein periode og få konsentrere seg om seg sjølv og eigne mål, samt finne god balanse mellom aktivitet og kvile, ser vi kan vere bra.

Det er flest plassar avsett til døgnopphald.

Fastlege eller annan godkjent tilvisar kan søkje om plass for deg. Informasjon om søknadsprosedyre og søknadsskjema finn du her.

Du finn informasjon om betaling for døgnopphald her.