Pasienthistorie – Kjell

Kjell Jevnaker har alltid vore ein aktiv mann. Han har spelt volleyball og handball på høgt nivå, og har alltid likt å halde seg aktiv. For seksten år sidan, i 2003, var Kjell på reinsjakt då han oppdaga at føtene svikta. Han var stiv og støl i kroppen. Det skulle ta nesten fem år og mange sjukehusopphald til før dei fann ut av kva som var gale. Han hadde fått muskel dystrofi. Denne sjukdommen gjer det vanskelegare å gå, og på sikt blir får ein aukande muskelsvakhet. Kjell set i dag i rullestol.

Første gong Kjell kom til RKHR var i februar 2018. Her skulle han få hjelp til å finne aktiviteter som skulle gi glede og mestring. Han testa først ut kajakk i innandørs basseng. Det å få teste aktiviteten ut innandørs i lag med instruktør opplevdes svært trygt. Sikkerheita var i fokus. Han smilte bredt da han opplevde at han mestra kajakk. Etter kvart kom han seg også ut  på sjøen. Kajakk bydde både på meistring, fysisk aktivitet og naturopplevingar. Sidan det var vinter då Kjell hadde opphald på Haugland, var det ikkje høve for å teste ut sykkel. Dei tilsette knytta han derfor opp mot ei aktivitetsmesse som skulle arrangerast nokre månader seinare av Hjelpemiddelsentralen. Her skulle han få teste ut elektrifisert sykkel, som han skulle få med seg heim slik at han kunne fortsette å trene også etter han hadde opphaldet sitt hjå RKHR. Kjell fortel kor fantastisk godt det følte å få sykle igjen. Han ville nesten ikkje gå av sykkelen. Ny sykkel blei levert heime hos Kjell hausten 2018, og den har blitt flittig brukt sidan den gong.

Gjennom sommaren 2019 har bilen til Kjell stått i ro. Han nyttar sykkel når han skal trene, handle og lufte hunden. To sykkeløkter i løpet av dagen har blitt ei vane. I løpet av sommaren har Kjell lagt bak seg 700 kilometer på sykkel. Han justerer intensitet i henhald til dagsform. På gode dagar brukar han minst mogleg elektrisk kraft på sykkelen, mens på dei litt mindre gode dagane justerer han opp den elektriske krafta.

Kjell fortel engasjert at hadde det ikkje vore for dei tilsette ved RKHR så hadde han ikkje hatt sykkel i dag. Det at pasientar skal finne aktiviteter som gir glede og igjen fortsette med det når dei kjem heim, er det store målet til dei tilsette. Kjell er no på plass igjen hos RKHR for eit nytt rehabiliteringsopphald. Hensikta er å vedlikehalde funksjon og finne balansen mellom aktivitet og kvile.

Sjå fleire av våre blogg innlegg

Kirsti og masteroppgåva

Pasienthistorie Kjell

Introkurs i havkajakk

Nylig arrangerte aktivitetsleiarane våre introduksjonskurs i…

Paraidrettsdag

I helga arrangerte vi paraidrettsdag saman med Sogn og Fjordane…

Paraidrettsdag sjøsportaktiviteter

Saman med Sogn og Fjordane Idrettskrins arrangerer vi laurdag…

Førehandsstemming

Kommunestyre- og fylkestingsvalget 2019 Det vert høve til å…

Fysvass startar opp!

Fysvass startar opp torsdag 22.08.19. Tidspunkt blir kl 19:30…

Uterehabiliteringskonferanse 2020

Uterehabiliteringskonferansen 2020 vert arrangert ved Røde Kors…