Kirsti og masteroppgåva

Kirsti Hellesøy arbeider som ergoterapeut her på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Ho er utdanna ved høgskulen i Tromsø og universitetet i Oslo, og har no tjue års erfaring bak seg. Ho er genuint oppteken av tilrettelegging av fysisk aktivitet for menneske med nedsett funksjonsnedsetting, og det er nettopp denne tematikken ho møter i sin arbeidskvardag på rehabiliteringssenteret. Korleis kan ein auke deltaking i idrett og fysisk aktivitet.

Dei siste par åra har Kirsti arbeida med masteroppgåva si, der May Aasebø Hauken har vore mentor. Ho har forska på kva for erfaringar helsepersonell ved rehabiliteringsinstitusjonar har med tilrettelegging av padleaktiviteter, for personer med funksjonsnedsetting. Gjennom arbeidet med masteroppgåva, har ho fått innblikk i korleis forsking på helserelaterte tema går føre, og bygd seg eit større tverrfagleg nettverk som kjem til god nytte i arbeidskvardagen. Det å kunne dele erfaringar på tvers av institusjonar vil vera heilt essensielt for å kunna styrka tilrettelegging innan fysisk aktivitet.

Særs viktig er det å auke forståinga for at menneske med nedsatt funksjon kan delta i sjøaktiviteter, blant folk. Ho fortel at det er fullt mogeleg å delta i sjøaktiviteter for svært mange, på tross av funksjonsnedsetting. Det handlar om å gje pasientane meistringsopplevingar under eit rehabiliteringsopphald. Det er svært viktig for Kirsti at når pasientar kjem på opphald hjå RKHR, så skal ein forsøke å overføre aktivitetstilbodet frå RKHR til pasientens kvardag. Det viser seg at mange opplever at overføring av aktiviteter til pasienten sin kvardag/ sitt lokalmiljø er svært utfordrande. I tillegg ser ein at det og jobbast for lite med dette. Målet og arbeidet vidare er at pasientane får veiledning og hjelp til å komme i kontakt med til idrettsklubbar for å kunne fortsette med sjøaktivitet når ein kjem heim. Vidare er det viktig å formidle kontakt med hjelpemiddelsentralar slik at ein kan få støtte til å finne eige aktivitetshjelpemiddel til privat bruk.

«Deltaking i sport og anna fysisk aktivitet er svært viktig for alle menneskes helse og livskvalitet, spesielt for personer med fysisk funksjonsnedsetting, for å bidra til auka livskvalitet, fysiske- og psykiske helse og deltaking» 

Sjå fleire av våre blogg innlegg

Thaisuppe med kylling