Om oss
Velkommen til Hauglandsenteret!
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon på 2.linje nivå innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret er eigd av Sogn og Fjordane Røde Kors og vart opna som rehabiliteringssenter i 1992. I dag har institusjonen avtale med Helse Vest, med totalt 70 godkjente plassar. I tillegg til døgnbasert rehabilitering, har senteret dagtilbod for pasientar som treng rehabilitering i spesialisthelsetenesta, samt eit poliklinisk tilbod til personar som har behov for spesifikk lymfødembehandling.
Vi gjer tilbod til følgjande grupper:
Pasientar med følgjetilstand etter kreftsjukdom
Pasientar med følgjetilstand etter nevrologisk liding
Pasientar med muskel-/ skjelettlidingar
Pasientar med Tinnitus
Pasientar med sjukeleg overvekt
Senteret gjev og tilbod om arbeidretta rehabilitering (www.helse-vest.no ).
Vil du vite meir kan du bla deg vidare på desse sidene eller ta kontakt på telefon 57737100.
Er du allereie innbooka anbefaler vi at du går til sida ”Før du kjem” for praktisk informasjon om opphaldet.