På Haugland er vi samlokalisert med UWC Røde Kors Nordisk.
UWC Røde Kors Nordisk
UWC Røde Kors Nordisk (UWCRCN) er eit fargerikt og internasjonalt miljø med 200 studentar frå over 90 land. Elevane har eit to-årig skuleforløp på Haugland som endar med eksamen i International Baccalaureate (IB).
På skulen legg ein vekt på internasjonal forståing og solidaritet, auka innsikt i framande kulturar, og respekt for kvarandre sine ulikskaper.
I skuleåret er einskilde studentar med i aktivitet ved Haugland Rehabiliteringssenter. Mangfaldet som dette samarbeidet gir, er eit positivt bidrag til rehabiliteringsarbeidet.
Meir informasjon om UWCRCN finn du på deira heimeside. Les gjerne meir om UWC Norge, og om korleis ein søkjer opptak til ein UWC skule.
Ved UWCRCN har ein også leirskule for elevar på barne- og ungdomsskuletrinnet. Leirskuleelevane får møte ungdom frå heile verda på Haugland, og samarbeide med dei gjennom friluftsliv og andre aktivitetar. Kvart år kjem det om lag 600 elevar og 60 lærarar hit frå Vestlandsfylka. Meir informasjon om leirskulen finn du på heimesida deira.