Fasilitetar og nærområde

Haugland Rehabiliteringssenter ligg på Haugland i Flekke, Sogn og Fjordane. Kommunesenteret er Dale i Sunnfjord, 13 km frå senteret. For informasjon om vegen hit, sjå eiga side.

Rehabiliteringssenteret ligg ved fjorden, omkrinsa av bakkar og fjell med turløyper for ulike funksjonsnivå. Nærområdet er tilrettelagt med vegar som høver rullestol og ganghjelpemiddel, og her er grasplenar for aktivitet og avkopling.

Institusjonen har fasilitetar for varierte aktivitetar både ute og inne. I sesong nyttar vi også fjorden med t.d. båtturar, kanoturar og fisking.

I aktivitetsbygget finn ein gymsal og apparatsal. Her er to treningssalar med matter, ballar og slyngar, samt ergometersyklar og tredemøller. I aktivitetsbygget finn ein også dei to bassenga. Hovudbassenget er 25 m langt, med temperatur på 27-28 ºC. Terapibassenget er 12,5 m langt, med temperatur på 33-34 ºC. Det er badstover ved bassenganlegget, og rullestolramper i begge bassenga.

Pasientrom på hovudbygg og i dei nye husa er tilpassa rullestol. Vi har elektriske døropnarar og heisar mellom etasjane på senteret.

I kjellaren finn ein testlaboratorium for testing av lungefunksjon, kondisjonsnivå og muskelstyrke.