Organisasjon og tilsette

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS er organisert som eit aksjeselskap. Sogn og Fjordane Røde Kors Eigedom AS eig 99 % av aksjane, med Sogn og Fjordane Røde Kors som hovudaksjonær.

Røde Kors er verdas største humanitære organisasjon og er politisk og religiøst uavhengig.

Senteret er ein rehabiliteringsinstitusjon i spesialisthelsetenesta innan fysikalsk medisin og rehabilitering, og har driftsavtale med Helse Vest RHF.

Inger Johanne Osland er administrerande direktør, og rapporterer til styret og har det overordna ansvaret for dagleg drift av selskapet. Styret til Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har sju medlemmar. Det er eit eige brukarutval knytt til senteret.

Senteret er organisert med ei helseavdeling og ei driftsavdeling. Overlege har eit særskilt ansvar for helseavdelinga, og har det medisinsk faglege ansvaret for behandlingstilbodet ved institusjonen.

Det er rundt 63 årsverk ved institusjonen fordelt på om lag 85 tilsette.